Forsvaret

Statens havarikommisjon skal undersøkje ulukker og alvorlege hendingar i forsvarssektoren innanfor dei rammene som er sette i lov av 16. desember 2016 nr. 92 om undersøkelser av ulykker og hendelser i Forsvaret (forsvarsundersøkingslova) og i forskrifter fastsette med heimel i denne lova.

Lova gjeld på norsk territorium, inkludert på Svalbard og Jan Mayen og i bilanda. Lova gjeld òg på norske fartøy, inkludert luftfartøy, og på faste og flytande installasjonar til havs. Så sant tilhøvet til andre statar si lovgjeving, internasjonale avtalar eller folkeretten elles ikkje er til hinder for det, skal lova òg gjelde for Forsvaret sine aktivitetar i utlandet.

Føremålet med undersøkingane er å betre tryggleiken i forsvarssektoren. Havarikommisjonen skal ikkje ta stilling til om det er grunnlag for disiplinære åtgjerder eller om det ligg føre sivilrettsleg eller strafferettsleg skuld og ansvar. Undersøkingane skal vere uavhengige av andre etterforskingar eller undersøkingar som heilt eller delvis har eit slikt føremål.

Undersøkingsstyresmakta skal vere eit fagleg uavhengig organ. Ho skal utføre oppgåvene sine på uavhengig og sjølvstendig vis og kan ikkje instruerast i faglege spørsmål. Forsvarsdepartementet kan, dersom tilhøvet til andre land eller vesentlege tryggingsspolitiske interesser tilseier det, ta avgjerd om å avgrense undersøkingsstyresmakta sitt arbeid eller stanse vidare undersøkingar i forsvarssektoren, jf. § 13 i forsvarsundersøkingslova.

Undersøkingsstyresmakta skal klarleggje hendingsforløpet og årsaksfaktorane som ligg bak ulukka eller hendinga, til bruk i det ulukkesførebyggjande arbeidet i forsvarssektoren.

Etter kvar undersøking skal Havarikommisjonen lage ein ugradert rapport som skal offentleggjerast. Vedlegg til rapporten kan vere tryggleiksgraderte etter tryggleikslova dersom det er naudsynt. Rapporten med eventuelle tilrådingar skal sendast til Forsvaret og andre relevante styresmakter for oppfølging.

Statens havarikommisjon har ein eigen vakttelefon, som er betent 24 timar i døgnet, for å følgje opp ulukker og hendingar i forsvarssektoren.

Havarikommisjonen har fordelt ansvaret for å følgje opp ulukker og hendingar i forsvarssektoren på dei tre avdelingane luftfart, sjøfart og veg og landforsvar.

Avdelingsdirektør Kåre Halvorsen leier arbeidet til luftfartsavdelinga. Halvorsen har òg det daglege koordinerande ansvaret for Havarikommisjonen si oppfølging av forsvarsundersøkingslova og den tilhøyrande forskrifta.

Avdelingsdirektør Dag S. Liseth leier arbeidet i sjøfartsavdelinga.

Avdelingsdirektør Ingvild K. Ytrehus leier arbeidet i veg- og landforsvarsavdelinga.

Vakttelefon
Vakttelefon forsvar
63 89 63 60