Personvernerklæring for Statens havarikommisjon

Statens havarikommisjon er ein etat under Samferdselsdepartementet og skal undersøkje ulukker og alvorlege hendingar innanfor luftfarts-, jarnbane-, veg-, sjøfarts- og forsvarssektoren.

Føremålet med undersøkingane er å greie ut omstende som ein trur kan ha noko å seie for førebygging av ulukker i transport- og forsvarssektoren. Statens havarikommisjon skal ikkje ta stilling til sivilrettsleg eller strafferettsleg skuld eller ansvar.

Statens havarikommisjon avgjer sjølv omfanget av undersøkingane sine, og vurderer i samband med dette kva tryggleiksmessig verdi undersøkinga er venta å ha i høve til dei naudsynte ressursane.

SHK handsamar personopplysningar i den grad det er naudsynt for å kunne undersøkje ulukker og alvorlege hendingar innanfor ansvarsområda våre.

SHK skal handsame personopplysningane dine på ein trygg måte og i samsvar med regelverket som gjeld på området.

På denne sida kan du lese om korleis SHK handsamar personopplysningane dine og kva rettar du som er registrert i systema våre, har.

1. Kvifor handsamar SHK personopplysningane dine?

SHK hentar inn og brukar ei mengd informasjon, inkludert personopplysningar, for å gjere oppgåvene sine som undersøkingsstyresmakt.

Handsaminga av personopplysningar inneber mellom anna at vi samlar inn, registrerer og lagrar relevante opplysningar. Opplysningane er med på å danne faktagrunnlaget og blir analyserte i undersøkingane som blir dokumenterte gjennom dei offentlege ulukkesrapportane våre, der vurderingane og konklusjonane til Havarikommisjonen òg kjem fram.

2. Kva er det rettslege grunnlaget for at vi handsamar personalopplysningane dine?

SHK handsamar personopplysningane dine etter vegtrafikklova kap. VII, sjølova kap. 18, luftfartslova kap. 12, jernbaneundersøkingslova med tilhøyrande forskrifter og forsvarsundersøkingslova med tilhøyrande forskrift. I tillegg kjem SHK òg inn under regelverk som gjeld for den offentlege forvaltinga, mellom anna forvaltingslova, offentleglova og personvernlovgjevinga med tilhøyrande forskrifter.

Det går fram av lovheimlane og forskriftene for ansvarsområda våre kva for ulukker og hendingar som skal undersøkjast, og korleis desse undersøkingane skal gå føre seg. Havarikommisjonen kan ta hand om relevant materiell og har tilgang til relevante data og informasjon i samband med dette.

Personar som har opplysningar i ei sak, har plikt til å forklare seg for SHK. Informasjon som kjem fram gjennom ei slik forklaring, er verna etter den utvida teieplikta til SHK, og det gjeld òg eit lovfesta forbod mot å nytte opplysningar som er gjevne til SHK etter denne forklaringsplikta som prov i ei eventuell straffesak.

Teieplikta hindrar ikkje vidare bruk av opplysningar i den grad personen som har krav på tystnad samtykkjer, dersom opplysningane har statistisk form eller dersom dei er tilgjengelege for ålmenta på andre måtar.

Teieplikta gjeld ikkje dersom tungtvegande offentlege omsyn tilseier at ein bør kunne gje opplysningane vidare eller i tilfelle der opplysningane er naudsynte for å forklare årsaka til ei ulukke eller hending.

3. Kvar hentar vi opplysningane frå?

SHK hentar inn naudsynt informasjon frå alle som har opplysningar om tilhøve som kan vere viktige for undersøkinga. Det kan vere frå einskildpersonar eller organisasjonar, offentlege eller private kjelder (nasjonalt og internasjonalt) osv. Alle har plikt til å gje undersøkingsstyresmakta slik informasjon på førespurnad, utan omsyn til teieplikt.

SHK har òg rett til å nytte privat grunn og kan krevje å få undersøkje og ta hand om materiell og infrastruktur, vrakrestar, dokument og andre ting i den grad det er naudsynt for å kunne utøve vervet. Dette inneber at SHK skal få tilgang til resultat frå undersøkingar av personar som har vore involverte i ulukka eller hendinga og obduksjonar av dødsoffer. SHK kan mellom anna påleggje legeundersøking. Om naudsynt kan undersøkingsstyresmakta krevje politiet si hjelp.

4. Kva for personopplysningar handsamar vi?

SHK hentar inn og handsamar personopplysningar som er naudsynte for å løyse dei oppgåvene som er nemnde i punkt 1. Kva for konkrete personopplysningar SHK handsamar, kjem an på kva type ulukke/hending det er tale om, kva for eit ansvarsområde det gjeld og kva rolle personen det gjeld, har hatt i ulukka/hendinga.

Det kan til dømes vere tale om:

  • Identitet (til dømes namn, fødselsdato, fødestad, kjønn, statsborgarskap, passnummer)
  • Kontaktinformasjon/opphaldsstad
  • Helseopplysningar
  • Opplysningar frå obduksjonsrapportar
  • Utdanning/arbeidserfaring
  • Informasjon om søvnvaner for å kartleggje ev. fatigue
  • Relevant informasjon om kvar personen har vore
  • Opplysningar frå politidokument
  • Eigne og andre sine bilete
  • Lydopptak, videoopptak og notat frå samtaler/intervju

5. Korleis handsamar vi personopplysningane dine?

SHK samlar inn store mengder informasjon for å vere sikker på at ein har eit godt nok grunnlag for å skrive ein offentleg rapport som skal kartleggje kva som har skjedd, kvifor det skjedde og korleis ein kan unngå at liknande hendingar skjer i framtida. Relevant informasjon blir registrert i sakshandsamingssystemet vårt, medan resten av opplysningane blir sletta.

SHK kan berre bruke opplysningane dine til dei oppgåvene vi henta dei inn for.

6. Kven har tilgang til opplysningane dine?

SHK sine tilsette og eventuelle andre som SHK leiger inn i den einskilde saka, hentar inn og handsamar personopplysningar. Opplysningane blir registrerte i sakshandsamingssystemet vårt eller lagra trygt på SHK sin server. Dei tilsette skal berre handsame personopplysningane dine når det er naudsynt for arbeidsoppgåvene deira. I tilfelle der havarikommisjonar i andre land har interesser i saka og blir involverte i arbeidet, kan informasjon delast så lenge ein rettar seg etter den utvida teieplikta.

Dei som blir omtalte i rapporten, blir ikkje namngjevne. Partane som saka kjem ved, får vanlegvis høve til å uttale seg om relevante delar av rapporten før han blir offentleggjord på nettsidene våre.

7. Korleis tek vi vare på personopplysningane dine?

Vi har etablert rutinar og tiltak for å sikre at uvedkomande ikkje får tilgang til personopplysningane og at all handsaming av opplysningar elles går føre seg i tråd med gjeldande rett. Tiltaka inkluderer jamlege risikovurderingar, tilpassa tekniske system og fysiske prosedyrar for å sikre informasjonstryggleik, i tillegg til rutinar for å verifisere førespurnader om innsyn og andre rettar.

8. Kven utleverer vi personopplysningane dine til?

SHK har utvida teieplikt og kan berre utlevere personopplysningane dine til relevante mottakarar dersom det er naudsynt for å forklare ei ulukke/hending og er i samsvar med den aktuelle lovgjevinga og anna regelverk for den offentlege forvaltinga (sjå pkt. 2). I tillegg blir slik informasjon alltid vurdert opp mot omsynet til personvern.

Dei som blir omtalte i rapporten, blir ikkje namngjevne. Partane som saka kjem ved, får vanlegvis høve til å uttale seg om relevante delar av rapporten før han blir offentleggjord på nettsidene våre.

9. Kor lenge oppbevarer vi personopplysningane dine?

SHK oppbevarer personopplysningane dine så lenge dei trengst for å løyse oppgåvene i punkt 1. Opplysningar som ikkje blir brukte eller som blir vurderte som ikkje relevante, blir sletta etter at saka er avslutta. Personopplysningar som er naudsynte for å forklare ei hending/ulukke og som blir brukte i ulukkesrapporten vår, kan så bli overførte til Riksarkivet (jf. arkivlova med forskrift).

Dei som blir omtalte i rapporten, blir ikkje namngjevne. Partane som saka kjem ved, får vanlegvis høve til å uttale seg om relevante delar av rapporten før han blir offentleggjord på nettsidene våre.

10. Kven er handsamingsansvarleg?

SHK v/direktøren er handsamingsansvarleg. Det tyder at direktøren har ansvaret for korleis SHK handsamar personopplysningane dine i samband med oppgåvene som er nemnde i punkt 1.

11. Kva rettar har du?

Dersom SHK har henta inn personopplysningar om deg, har du desse rettane etter personopplysningslova:

Innsyn

Du har rett til å få vite

  • kva for konkrete personopplysningar vi handsamar om deg
  • kvar desse opplysningane er henta frå
  • kva føremål (og oppgåver) dei blir brukte til
  • om opplysningane er gjevne vidare til andre, og i så fall til kven

Retting av feil

Sakshandsamaren vil ofte vere i dialog med dei partane det kjem ved, gjennom undersøkinga og slik sikre seg at fakta er rette. Dersom du likevel oppdagar at SHK har urette, utdaterte eller ufullstendige opplysningar om deg, har du rett til å få desse opplysningane retta eller oppdaterte.

Når det gjeld den offentlege ulukkesrapporten, blir han vanlegvis ikkje publisert før dei partane saka kjem ved, har fått høve til å uttale seg om dei relevante delane av rapporten. Ein sakshandsamar vil ta kontakt med deg når ein har kome til dette steget i prosessen.

Moglegheit til å klage

Dersom du meiner at SHK ikkje handsamar personopplysningane dine i samsvar med regelverket, kan du klage til Datatilsynet i Noreg. Sjå Datatilsynet si nettside.

12. Korleis kan du kontakte personvernombodet til SHK?

Du kan kontakte personvernombodet i SHK, Trine Reitan, ved å sende ein e-post til  personvernombud[at]nsia.no eller ringje til henne på mobilnummeret 901 33 820.