Rapport om brann i snøoverbygg ved Vegårshei på Sørlandsbanen 26. september 2021
Bane rapport 2023/01
I samband med skinnesliping for Bane NOR SF nær Vegårshei stasjon den 26. september 2021, tok eit 50 meter langt snøoverbygg i tre fyr og brann ned til grunnen. Sørlandsbanen blei stengd for trafikk i halvtanna døgn for umiddelbare reparasjonar. Havarikommisjonen si undersøking har vist at årsaka til brannen sannsynlegvis var gneistar eller glødande slagg frå slipetoget. Då brannen blei oppdaga, let det seg ikkje gjere å kome til med vassvogna på beredskapstoget for å sløkkje.
Det er godt kjent at denne typen arbeid inneber ein risiko for brann, og erfaring viser at snøoverbygg kan ta fyr når det vert gjort varme arbeid rett ved dei. Bane NOR SF stiller difor ei rekkje krav til brannførebyggjande tiltak, men desse krava blei ikkje etterlevde. Snøoverbygga på strekninga blei ikkje identifiserte som brannutsette objekt under planlegginga av arbeidet, og difor blei det heller ikkje planlagt ekstra tiltak.
Undersøkinga har vist at dei som utfører skinnesliping, kan oppleve at det er krevjande å etterleve brannkrava og at dei kan påverke framdrifta i arbeidet. Tidsvindauga for vedlikehald er avgrensa, og ein ønskjer å nytte mest mogleg av denne tida til effektivt arbeid. Sjølv om leverandøren Speno International SA gjer det same arbeidet uansett kvar i landet arbeidet blir gjort, varierer det likevel korleis krava til brannførebygging blir etterlevde i praksis. Sjølv om det var eit tydeleg krav om at trekonstruksjonar skulle vatnast på førehand, verkar ansvarsforholdet mellom dei involverte partane utydeleg når det gjeld å avgjere om tiltaket skal setjast i verk.
Havarikommisjonen peikar på at Bane NOR SF ikkje systematisk kontrollerer etterlevinga av brannførebyggingskrava sine. Dette er ei utfordring Bane NOR SF bør prioritere for å sikre einskapleg forståing og praksis.
Dette var ikkje den første brannen i sitt slag; i 2018 brann eit større snøoverbygg på Ofotbanen ned etter vedlikehaldsarbeid. Havarikommisjonen rettar difor ei tilråding til Bane NOR SF som gjeld formidling av organisatorisk læring etter hendingar og ulukker for å hindre at det same hender igjen.
Det nedbrende snøoverbygget. Foto: Østre Agder brannvesen
Publisert 03.03.2023
Sikkerhetstilråding
Tryggleikstilråding Bane nr. 2023/01T
Natt til 26. september 2021 brann eit snøoverbygg i tre ned ved Vegårshei på Sørlandsbanen. Bane NOR SF arbeidde med sporvedlikehald med skinneslipetog på staden, og sannsynlegvis var det varme partiklar frå slipinga som førte til at overbygget tok fyr. Det var ikkje gjort brannførebyggjande tiltak i snøoverbygget. Det er kjent frå tidlegare brannar at varme arbeid nær trekonstruksjonar inneber ein risiko, men den organisatoriske læringa har ikkje vore effektiv.
Havarikommisjonen tilrår Statens jernbanetilsyn å be Bane NOR SF om å sikre at prosessen for å formidle læring etter hendingar og ulukker fungerer, slik at prosessen kan bidra til å hindre at hendingar gjentek seg.
Fakta
Sted | Mellom Vegårshei og Selåsvatn |
Hendelsesdato | 26.09.2021 |
Tog No. | Ingen tog var involvert |
Driftsform | Strekning med fjernstyring |
ATC | DATC |
Km på banestrekning | 264 |
Type hendelse | Brann- og røykutvikling |
Banestrekning | Sørlandsbanen |