Rapport om luftfartsulukke på Notodden lufthamn Tuven 15. august 2021 med Diamond DA40 NG, LN-PFJ
Luftfart rapport 2022/01
Skoleflyet LN-PFJ havarerte i samanheng med landing på rullebane 30. Det var variabel vindretning og vindstyrke på Notodden denne ettermiddagen. Ulukka skjedde under flyeleven sin femte soloflyging. Luftfartsulukka med LN-PFJ er eit døme på korleis eit landingsforsøk med for høg energi innleiingsvis der innflyginga blir avbroten i låg høgd, kan ende med tap av kontroll og havari. Fartøysjefen, som var soloelev, kom opp i ein situasjon han ikkje meistra. Alt hende fort, og han greidde ikkje å hindre at han miste kontrollen over flyet.
Etter å ha gjennomført ein nær fire timar lang soloflytur via Eggemoen og Torp returnerte flyeleven til Notodden lufthamn. Under det første landingsforsøket på rullebane 30 flaug flyeleven inn med for mykje energi, og avbraut difor landinga. Den neste landinga på same rullebane blei òg gjort med for høg energi. Han prøvde å avbryte landinga, men lukkast ikkje med det.
Flyet trefte rullebana like framfor taksebane B, spratt opp og skrensa i ein venstresving 70 meter før det kom til ro 40 meter frå rullebanekanten. Flyet fekk betydelege skrogskadar, øydelagt propell og skada understell. Flyeleven blei ikkje fysisk skada i ulukka.
Truleg bidrog ustabile vindtilhøve og distraksjonar som hadde med trafikkmønsteret å gjere, til at soloeleven (fartøysjefen) ikkje greidde å etablere flyet på ei stabil innflyging på siste del av finalen. Havarikommisjonen meiner at fartøysjefen avbraut innflyginga seint, og at han miste kontrollen over LN-PFJ fordi han ikkje greidde å korrigere rørslene til flyet med motor- og rorkontroll. Havarikommisjonen meiner at ulukka tyder på at fartøysjefen blei utsett for større utfordringar enn han hadde føresetnader for å meistre.
Publisert 25.02.2022
Fakta
Sted | Notodden lufthamn Tuven (ENNO) |
Hendelsesdato | 15.08.2021 |
ICAO flyplassindikator | ENNO |
Luftfartøy | Øvrige lette motorfly |
Operatør | Pilot Flight Academy AS - ATO |
Reg. merke | LN-PFJ |
Flygeforhold | VMC |
Fylke | Vestfold og Telemark |
Type hendelse | Luftfartsulykke |
Type flyging | Skole |
Kategori luftfart | Lett, fly (< 5 700kg) |
Flykategori | Landfly, Single-engine, Stempelmotor |
FIR/AOR | ENOS (Oslo ATCC) |