Rapport om luftfartsulykke på Ølve i Kvinnherad i Vestland, 29. juli 2022, med Cessna 180 sjøfly, LN-VYJ, operert av Nordhordland flyklubb
Luftfart rapport 2023/07
Ulykka hende fredag 29. juli 2022. Under avgang frå Husavågen kom sjøflyet ut av kontroll og slo rundt. Kabinen kom under vatn og flyet blei til slutt liggjande å flyte opp ned, slik at berre botnen av flottørane stakk opp fra vassflata. Dei fire om bord kom frå ulykka utan alvorlege skadar.
Analyse av filmopptak indikerer at LN-VYJ kom for tidleg opp i lufta, og at flyet korkje steig eller akselererte. Flygaren fekk store problem med å kontrollere flyet, som veksla mellom høgre og venstre vengedropp før det til slutt trefte vassflata.
Til saman førte tungt lasta fly, feilsett trim og medvind til at flyet truleg trengde ei lengre avgangsstrekning og høgare fart på sjøen, og oppførte seg annleis enn flygaren var van med. Dette kan ha ført til at han utilsikta drog flyet for tidleg opp i lufta. Bølger og dønningar kan også ha medverka til at flyet kom for tidleg i lufta.
For at avgangen skulle ha vore vellukka, meiner Havarikommisjonen at det ville ha vore naudsynt å ha betre kontroll på nasestillinga (pitch). Det beste alternativet ville truleg ha vore å avbryte startforsøket medan flyet framleis var på vatnet.
Etter at flyet hadde slått rundt reagerte passasjerane raskt og rett. Dei tok sjølv initiativet og evakuerte effektivt gjennom eit lite sidevindauge. Dei greidde også å assistere flygaren, som fekk problem med å kome seg ut ved eiga hjelp. Det var dessutan gunstig at fleire båtar raskt kom til og tok hand om passasjerane og flygaren.
Publisert 05.09.2023
Fakta
Sted | Ølve i Kvinnherad |
Hendelsesdato | 29.07.2022 |
Luftfartøy | Cessna øvrige |
Operatør | Privat |
Reg. merke | LN-VYJ |
Flygeforhold | VMC |
Fylke | Vestland |
Type hendelse | Luftfartsulykke |
Type flyging | Privat (klubb) |
Kategori luftfart | Lett, fly (< 5 700kg) |
Flykategori | Single-engine, Sjøfly (inkl. amfibie), Stempelmotor |
FIR/AOR | ENSV (Stavanger ATCC) |