Rapport om luftfartsulukke på Voss flyplass Bømoen 11. mai 2021 med Piper Aircraft Inc. PA-28-161, LN-NAS
Luftfart rapport 2024/02
Flyet blei floge frå Stavanger lufthamn Sola til Voss flyplass Bømoen. I tillegg til fartøysjefen var det tre passasjerar om bord. Etter å ha avbrote to forsøk på å lande, blei flyet landa langt inne på banen og med høg fart på det tredje forsøket. Fartøysjefen klarte ikkje å stanse flyet før enden på rullebanen. Flyet fortsette gjennom eit gjerde og bråstansa like etterpå, då det trefte kanten på ein veg i bakkant av flyplassen. Alle om bord evakuerte utan problem. Flygaren og ein av passasjerane om bord blei lettare skadde.
På dei to første landingsrundane blei flyet etablert for høgt på finalen, og fartøysjefen avbraut derfor desse forsøka. Under det tredje forsøket var innflyginga i ei lågare høgd, men farten var høg. Flyet blei landa langt inn på banen, og det spratt fleire gongar i veret. Flyet fekk omfattande skadar då det bråstansa mot grøftekanten, hovudsakleg på understell, propell, vingeforkantar og motordeksel. Det oppstod også ein drivstofflekkasje.
Mangelfull bruk av sjekklister og standardiserte prosedyrar saman med manglar i flyplassen si driftshandbok bidrog til ulukka. Havarikommisjonen fremjar ei sikkerheitstilråding om betre tilrettelegging av flyplassinformasjon.
Publisert 08.02.2024
Sikkerhetstilråding
Sikkerheitstilråding Luftfart nr. 2024/01T
11. mai 2021 havarerte LN-NAS, ein Piper Aircraft, Inc. PA-28-161, på Voss flyplass, Bømoen under det tredje landingsforsøket med flygar og tre passasjerar om bord. Området rundt Bømoen har ein utfordrande topografi som var relativt ukjend for flygaren.
Havarikommisjonen meiner dokumentasjonen i driftshandboka for Bømoen var mangelfull. SHK registrerer at det er varierande innhald, kvalitet og tilgjenge på viktig informasjon for ulike flyplassar, og meiner at gode kart og forklaringar vil auke situasjonsforståinga og flysikkerheita.
Statens havarikommisjon tilrår at Luftfartstilsynet krev at flyplasseigarar sørgjer for at viktig informasjon for planlegging og gjennomføring av avgang og landing er lett tilgjengeleg. Informasjonen bør ha standardisert innhald og utforming.
Fakta
Sted | Voss flyplass Bømoen (ENBM) |
Hendelsesdato | 11.05.2021 |
ICAO flyplassindikator | ENBM |
Luftfartøy | Piper PA-28 Cherokee/Arrow/Archer m.fl. |
Operatør | Privat |
Reg. merke | LN-NAS |
Flygeforhold | VMC |
Fylke | Vestland |
Type hendelse | Luftfartsulykke |
Type flyging | Privat |
Kategori luftfart | Lett, fly (< 5 700kg) |
Flykategori | Landfly, Single-engine, Stempelmotor |