Rapport om forlis med ARV 2 (IRIS) LG6159, registrert som fiskefartøy, i Gloppefjorden 20. oktober 2018

Sjøfart rapport 2021/07

Arv 2 forliste i Gloppefjorden grunna vatn på dekk og vassinntrenging ned i skroget. Éin person omkom, medan dei andre tre om bord kom seg til land. Undersøkinga har vist at båten av typen ARVOR 215 AS ikkje oppfyller krava til fiskefartøy når det gjeld konstruksjon, fribord og stabilitet. I tillegg er det sannsynleg at tryggleiksnivået som fritidsbåt, dokumentert med CE-merkinga, var redusert på grunn av utstyrsrigginga til fiskefartøy. Statens havarikommisjon rår Sjøfartsdirektoratet til å intensivere kontrollen med fiskefartøy med største lengde mellom 6 og 8 meter.

Laurdag 20. oktober 2018 kl. 1600 la fire personar ut frå Gimmestad i Gloppefjorden i den fiskeriregistrerte båten ARV 2 med største lengde på 6,36 meter. Dei skulle ut for å hente sjøkreps. Fiskaren som eigde båten, hadde krepseteiner ståande i Gloppefjorden og Hyefjorden. Båten var av typen ARVOR 215 AS, bygd etter fritidsbåtstandarden (CE-merkt).  

Sidan det hadde blese opp, trekte dei berre éi teinelenkje utanfor Kleppeneset i Hyefjorden. Fangsten blei 15 krepsar. På heimturen sat alle fire framme i styrehuset og den vesle kabinen. Dei fekk motsjø då dei runda Kviteneset. Krappe bølgjer på rundt ein meter braut stadig over baugen og ned i dekksbrønnen. Då dei oppdaga at det var vatn på dørken i kabinen, gjekk dei ut på dekk for å minske den forlege trimmen. Det var då mykje vatn på dekket, og båten låg tungt i sjøen. Dei prøvde å hente naudbluss og redningsvestar i styrehuset, men vatnet fløymde inn døropninga, og dei måtte gje opp. Fiskaren auka pådraget for å prøve å nå land, men motoren stoppa kort etter. Akterskipet sokk ned, og båten kantra ca. kl. 1830. Alle hamna i sjøen. Dei var om lag 100 meter frå land. Luft- og sjøtemperaturen var ca. 10 °C. Dei krappe bølgjene og det kalde vatnet gjorde det svært krevjande å symje til land. Éin person omkom, medan dei andre tre kom seg til land. Den omkomne blei funnen etter 7 timer på 14 meters djupn, 15–20 meter frå land. Obduksjonsrapporten viste at dødsårsaka truleg var drukning.

Havarikommisjonen meiner at vassinntrenginga truleg kom av at fartøyet gjekk med forleg trim og hadde eit lite effektivt opplegg for å drenere dekket. Lenseportane var berre to små opningar i akterspegelen som i areal berre utgjorde 4 % av minimumskravet til fiskefartøy. Vatnet på dekk trengde vidare ned i skroget gjennom utette flush-luker i dekket og over dørstokken til styrehuset. Den samla vassmengda i skroget og på dekk førte til at båten miste oppdrift og stabilitet.

For eit registrert fiskefartøy gjeld det krav om mellom anna redningsflåte, livbøye og VHF-radio. ARV 2 hadde ikkje slikt utstyr, og fiskaren kjende ikkje til at det var krav om det. VHF-radio kunne gjort det mogleg å varsle tidlegare og på ein effektiv måte om ulukka eller om at fartøyet var i naud. Redningsflåte og livbøye kunne gjeve mykje betre overlevingsevne etter kantringa. 

Undersøkinga har vist at det truleg finst mange fiskefartøy med største lengde mellom 6 og 8 meter, bygde i 1992 og seinare, som ikkje oppfyller konstruksjonskrava. Styresmaktene sin kontroll avgrensar seg til uvarsla tilsyn av registrerte fiskefartøy, og dette, i kombinasjon med svak barriere mot fiskeriregistrering av nye fartøy i denne kategorien, har ført til at mange fartøy i denne lengdegruppa opererer med stort risikopotensial for havari. 

For å redusere sannsynet for at det blir registrert fiskefartøy som ikkje oppfyller konstruksjonskrav, har Sjøfartsdirektoratet i mai 2021 forbetra malen for byggjestadfesting, eit naudsynt dokument ved fiskeriregistrering. Men byggjestadfestingane blir ikkje kontrollerte av styresmaktene. Havarikommisjonen meiner at byggjestadfestingane bør vurderast av ei kompetent styresmakt og fremjar ei tryggleikstilråding til Sjøfartsdirektoratet om dette. Havarikommisjonen meiner òg at Sjøfartsdirektoratet bør intensivere kontrollen med fartøy i den aktuelle lengdegruppa som allereie er fiskeriregistrerte for å sikre at fartøya anten blir oppgraderte i samsvar med konstruksjonskrava eller ikkje lenger blir brukte til yrkesfiske. Havarikommisjonen fremjar òg ei tryggleikstilråding til Sjøfartsdirektoratet om dette.

Publisert 22.11.2021

Sikkerhetstilråding

Tryggleikstilråding Sjøfart nr. 2021/42T

Undersøkinga av forliset med ARV 2 den 20. oktober 2018 har avdekt at fiskaren ikkje kjende til tryggleikskrav til mellom anna redningsutstyr og VHF-radio for fiskefartøy frå 6 til 8 meter største lengde. Manglande VHF-radio førte til at varsel om ulukka kom seint, og overlevingsevna etter forliset blei mykje redusert ved at det ikkje fanst redningsflåte eller livbøye.

Statens havarikommisjon rår Sjøfartsdirektoratet til å vurdere samarbeid med Fiskeridirektoratet slik at sistnemnde kan leggje rettleiinga om utstyr og fartsområde for fiskefartøy mindre enn 15 meter ved i korrespondansen med eigarar av fartøy som søkjer om opptak i merkeregisteret.

Tryggleikstilråding Sjøfart nr. 2021/43T

Undersøkinga av forliset med ARV 2 den 20. oktober 2018 har vist at det truleg finst mange fiskefartøy med største lengde mellom 6 og 8 meter, bygde i 1992 og seinare, som ikkje oppfyller konstruksjonskrav. Det ser ikkje ut til at styresmaktene sin kontroll, som har vore avgrensa til uvarsla tilsyn, har vore nok til å hindre at mange fiskefartøy i denne lengdegruppa opererer med stort risikopotensial for havari.

Statens havarikommisjon rår Sjøfartsdirektoratet til å intensivere kontrollen med fiskefartøy med største lengde mellom 6 og 8 meter bygde i 1992 og seinare for å sjå til at fartøya anten blir oppgraderte i samsvar med konstruksjonskrava eller ikkje lenger blir brukte til yrkesfiske.

Tryggleikstilråding Sjøfart nr. 2021/44T

Undersøkinga av forliset med ARV 2 den 20. oktober 2018 har vist at barrieren for å hindre fiskeriregistrering av fartøy med største lengde mellom 6 og 8 meter bygde i 1992 eller seinare som ikkje oppfyller konstruksjonskrava til fiskefartøy, har vore for svak ved at byggjestadfestingane ikkje har blitt kontrollerte av ei kompetent styresmakt.

Statens havarikommisjon rår Sjøfartsdirektoratet til å etablere ei ordning der byggjestadfestingar blir vurderte av Sjøfartsdirektoratet sjølv eller av eit føretak som direktoratet har godkjent, for å bidra til å sikre at fartøy som skal drive yrkesfiske, følgjer konstruksjonskrava.

Fakta

Sted Gloppefjorden, Vestland
Hendelsesdato 20.10.2018
Ulykkeskategori Forlis
Område Norsk territorialfarvann
Fartøyets navn ARV 2 (Iris)
Type hendelse Dødsulykke, Stabilitetssvikt
Type fartøy 6 - Fiske-/ fangstfartøy
Register NOR

Rapporter - samme område

Rapporter - samme ulykkeskategori