Rapport om sjøulykke med fiskefartøyet Gunn-Lotte LM2699 der ein fiskar fall over bord utanfor Stamsund den 26. januar 2024

Sjøfart rapport 2024/09

Fiskefartøyet fekk maskinstans og gjekk på land som følgje av dette. Då redningsskøyta skulle trekkje fiskefartøyet av land, gjekk ho sjølv på grunn, og på same tid kantra fiskefartøyet. Fiskaren hamna i sjøen iført ein oppblåsbar redningsvest. Ein redningsmann hoppa i sjøen etter kort tid for å redde fiskaren, men fiskaren blei seinare erklært omkomen.

Kystradio Nord fekk eit VHF-oppkall frå fiskaren på kanal 16. Fiskaren etterspurde hjelp frå redningsskøyte og informerte om at han hadde fått noko i propellen og dreiv mot land utan framdrift. Nærliggjande fartøy som høyrde meldinga, og som hadde høve til å hjelpe, forstod ikkje alvoret med det same.

Frå fiskaren fall i sjøen til redningsmannen var hos han, tok det 3–4 minutt, og då var fiskaren medvitslaus. Det er uklart kva som førte til at fiskaren mista medvitet så raskt, men fallet i det kalde vatnet kan ha ført til kuldesjokk, som i kombinasjon med bølgjer auka faren for inhalering av vatn og drukning.

Bruk av redningsdrakt aukar overlevingsevna i kaldt vatn vesentleg og reduserer faren for sjokk ved fall over bord. Redningsdrakta var funnen fram og låg klar i styrehuset, men det er uklart kvifor ho ikkje blei nytta, då Kystradio Nord fleire gonger bad fiskaren om å ta ho på seg. Ulykka viser at ein situasjon raskt kan utvikle seg til å bli kritisk, og det å handle proaktivt og nytte dei hjelpemidla ein har om bord, kan vere avgjerande.
I tillegg er det viktig å følgje dei instruksane som blir gitt frå Kystradioen og dei andre redningsinstansane.

Publisert 28.11.2024

Fakta

Sted Stamsund, Lofoten
Hendelsesdato 26.01.2024
Ulykkeskategori Grunnstøting
Område Norsk territorialfarvann
Fartøyets navn Gunn-Lotte
Type hendelse Dødsulykke, Fall over bord, Grunnstøting, Teknisk svikt, fremdrift eller hjelpemaskineri
Type fartøy 6 - Fiske-/ fangstfartøy

Rapporter - samme område

Rapporter - samme ulykkeskategori