Rapport om sjøulukke med fiskefartøyet Sørbris LM8515, forlis i Breivikfjorden, Troms og Finnmark, 8. mai 2020

Sjøfart rapport 2022/09

Fartøyet Sørbris forliste om lag kl. 1600 den 8. mai 2020 i Breivikfjorden i Finnmark. Ein søk- og redningsaksjon blei sett i gang fire timar seinare på grunnlag av ei uromelding. Åleinefiskaren blei lokalisert og henta opp av sjøen godt og vel seks timar etter ulukka og erklært omkomen snart etter. Den 14. mars 2022 blei Sørbris heva på oppdrag frå Havarikommisjonen og frakta til land på Finnsnes. Det viste seg at Sørbris hadde fått bruket i propellen, og Havarikommisjonen ser dette som ei medverkande årsak til forliset.

Fiskefartøyet var av typen Myra 27 rundhekk, bygd i 1981, og hadde opphavleg ei registrert største lengde på 8,17 meter.

Fiskaren hadde denne dagen gått ut rundt klokka 1300 for å hale inn ei garnlenkje som han hadde overteke frå eit anna fartøy. 

Det hadde aldri blitt gjort stabilitetsutrekningar for Sørbris. Seinast 1. januar 2020 skulle alle fiskefartøy over 8 meter største lengde hatt ein fartøyinstruks frå eit godkjent føretak med operasjonelle avgrensingar fastsette på grunnlag av stabilitetsutrekningar. Opphavleg var fartøyet si største lengde (LOA) oppgjeven av produsenten registrert som 8,17 meter, og det var òg denne lengda som tidlegare var registrert hos styresmaktene. Fiskaren hadde sjølv teke kontakt med eit godkjent føretak for å få kontrollert den største lengda på Myra 27-sjarken. Føretaket gjorde ei ny oppmåling av fartøyet saman med eigaren/fiskaren, og den 5. januar 2020 blei fartøyet si største lengde målt til 7,90 meter. Sørbris kom då inn under ei enklare gruppe fiskefartøy (mindre enn 8 meter, bygde før 1992) der det gjeldande regelverket ikkje krev eigen fartøyinstruks med stabilitetsutrekningar. 

Den tidlegare eigaren hadde nytta Sørbris mest til juksafiske, men den nye eigaren endra driftsforma til garnfiske. ‏Havarikommisjonen meiner at det nettopp er i slike høve, når driftsforma til eit fartøy blir endra og det blir valt anna og kanskje tyngre utstyr, at ein eigar kan få mykje hjelp og rettleiing frå stabilitetsutrekningar. 

Publisert 07.09.2022

Sikkerhetstilråding

Tryggleikstilråding Sjøfart nr. 2022/10T

Undersøkinga av forliset til fiskefartøyet Sørbris 8. mai 2020 har vist at Sjøfartsdirektoratet i dei seinare åra har gjennomført svært få uvarsla tilsyn med fiskefartøy som er bygde før 1992 og har ei største lengd på mindre enn 8 meter, i høve til talet på fartøy i denne gruppa. Sørbris hadde tilsyn meir enn 11 år før forliset. Fartøyet hadde ikkje fri-flyt satellittnødpeilesendar, som kunne ha endra utfallet av forliset.

Statens havarikommisjon tilrår difor Sjøfartsdirektoratet å intensivere kontrollen med fiskefartøy med største lengde mindre enn 8 meter bygde før 1992.

Tryggleikstilråding Sjøfart nr. 2022/11T

Undersøkinga av forliset til fiskefartøyet Sørbris 8. mai 2020 har vist at fiskefartøy med største lengde mindre enn 8 meter bygde før 1992 aldri vil få rettleiande operasjonelle avgrensingar fordi det gjeldande regelverket ikkje krev at det skal gjerast stabilitetsutrekningar. Desse fartøya blir dessutan ofte kjøpte og selde mellom fiskarar som er i etableringsfasen, og som såleis er ganske urøynde.

Statens havarikommisjon tilrår difor Sjøfartsdirektoratet å innføre krav om stabilitetsutrekningar for fiskefartøy med største lengde mindre enn 8 meter bygde før 1992.

Fakta

Sted Breivikfjorden, Hasvik kommune, Troms og Finnmark
Hendelsesdato 08.05.2020
Ulykkeskategori Forlis
Område Norsk territorialfarvann
Fartøyets navn Sørbris
Type hendelse Dødsulykke
Type fartøy 6 - Fiske-/ fangstfartøy

Rapporter - samme område

Rapporter - samme ulykkeskategori