Rapport om sjøulykke med fiskefartøyet Iselin på Lopphavet, Finnmark den 12. desember 2023
Sjøfart rapport 2024/08
To fiskarar heldt på å dra garn, da den eine fiskaren fall over bord, utan flyteplagg. Det blei sett i verk ein redningsaksjon, men den forulykka blei ikkje funne og er antatt omkommen.
Det er krav om at det skal vere redningsvestar om bord, men bruk av desse eller anna flyteplagg er basert på fiskaren si vurdering av om arbeidsdekket er utsett eller ikkje.
Havarikommisjonen meiner det er uklart i regelverket kva som blir definert som eit utsett dekk, og fremjar ei tryggingstilråding til Sjøfartsdirektoratet på dette området.
Publisert 15.11.2024
Sikkerhetstilråding
Tryggingstilråding Sjøfart nr. 2024/26T
Tysdag 12. desember 2023 var fiskefartøyet Iselin, med ein skipper og ein fiskar, ute for å dra garn på Lopphavet. Då skipperen fekk flaggbøya om bord, plasserte han denne bak ryggen. Fiskarane forsøkte saman å dra inn tauet, men motstanden blei for stor, og skipperen som hadde flaggbøya bak ryggen, blei dregen ut i sjøen. Skipperen hadde ikkje arbeidsflytevest eller anna flyteplagg på seg.
Forskrift om arbeidsmiljø mv. på skip stiller krav om bruk av arbeidsflytevest eller flyteplagg ved arbeid på utsett dekk. Det er uklart kva som er definert som eit utsett dekk, og kravet kan derfor tolkast som valfritt avhengig av om fiskaren meiner arbeidsdekket sitt er utsett eller ikkje.
Havarikommisjonen tilrår Sjøfartsdirektoratet å presisere krava i forskrift om arbeidsmiljø mv. på skip § 9-5 om bruk av flytemiddel ved arbeidsoperasjonar på utsett dekk for fiskefartøy, slik at krava tek omsyn til risikoen for fall over bord, med tanke på både arbeidsoperasjon og utforminga av dekket.
Fakta
Sted | Lopphavet i Finnmark |
Hendelsesdato | 12.12.2023 |
Ulykkeskategori | Personskade |
Område | Norsk territorialfarvann |
Fartøyets navn | Iselin |
Type hendelse | Dødsulykke, Fall over bord, Person-/arbeidsulykke |
Type fartøy | 6 - Fiske-/ fangstfartøy |
Register | NOR |