Ledige stillingar
Er du interessert i ein jobb i Havarikommisjonen?
Har du vore nokre år i arbeidslivet og synest sikkerheitsarbeid er meiningsfylt? Då kan ei stilling som havariinspektør vere noko for deg.
Som havariinspektør vil du vere med på sikkerheitsundersøkingar av alvorlege hendingar og ulukker innan dei tre ansvarsområda bane, taubane og fornøyelsesinnretningar.
Ved ulukker reiser vi til ulukkesstaden for å dokumentere og samle informasjon. Du vil delta i dette arbeidet. Som ein del av den vidare sikkerheitsundersøkinga vil du bidra med å innhente og systematisere informasjon. Du vil kome i kontakt med dei direkte involverte i ulukka, vitne, pårørande, personar på fleire nivå i dei involverte selskapa, produsentar, bransjeorganisasjonar og ulike fag- og forvaltingsmyndigheiter i inn- og utland. Du vil få ei unik innsikt i, og forståing av, dei mange faktorane som bidrar til ei ulukke.
Vi publiserer offentlege undersøkingsrapportar. Du må derfor trivast med denne typen skriftleg arbeid som utgjer ein viktig del av jobbkvardagen. Dette arbeidet skjer i ei veksling mellom sjølvstendig arbeid og teamarbeid.
Dersom dette passar deg, bakgrunnen og erfaringa di, kan du sende ein e-post med CV til avdelingsdirektør Ida H. Grøndahl
Generelt om tilsetting i statlege stillingar
Lov om statens ansatte mv. (statstilsettelova) gjeld for Statens havarikommisjon. Alle ledige stillingar blir publiserte offentleg, og den best kvalifiserte søkjaren skal tilsetjast (kvalifikasjonsprinsippet). I vurderinga av kven som er best kvalifisert, skal ein leggje vekt på utdanning, erfaring og om søkjaren er personleg eigna for stillinga i høve til kvalifikasjonskrava som er fastsette i utlysinga.
Det vert alltid opplyst om eit spenn i løn i Statens havarikommisjon sine utlysingar av ledige stillingar. For statlege stillingar kan ein ikkje fråvike dette spennet i løn same kva slags kvalifikasjonar eller kompetanse ein finn hjå søkjarane (sjå Statens personalhåndbok kap. 2.1.5.1), utan at stillinga lysast ut på nytt.
Nytt e-posttenesta vår for å bli varsla når det blir lyst ut nye ledige stillingar.