Organisering

Statens havarikommisjon er eit forvaltingsorgan som er administrativt underlagt Samferdselsdepartementet. Havarikommisjonen er uavhengig i faglege saker.

Statens havarikommisjon blir leia av ein direktør, som blir utnemnd av Kongen på grunnlag av ei tilråding frå samferdselsministeren.

William J. Bertheussen har vore direktør for Havarikommisjonen sidan 2011. Bertheussen kom frå stillinga som avdelingsdirektør i sjøfartsavdelinga.

Fagområda veg-, luft- og jarnbanetransport kjem inn under Samferdselsdepartementet sitt ansvarsområde. Fagområdet sjøtransport sorterer under Nærings- og fiskeridepartementet, medan Forsvarsdepartementet har ansvaret for forsvarssektoren.

Samferdselsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Forsvarsdepartementet kan ikkje instruere verksemda i faglege spørsmål på dei områda Statens havarikommisjon har ansvaret for.

Havarikommisjonen er organisert med fire fagavdelingar, ei administrasjonsavdeling og ein fagstab. Avdelingsdirektøren i luftfartsavdelinga har ein koordinerande funksjon for oppfølginga av forsvarsundersøkingslova med forskrift. For nærare informasjon om verksemdsområda, sjå eigne sider.

Fagstaben har kompetanse på områda jus, menneskelege faktorar, tryggleiksleiing og organisasjon, helse, miljø og tryggleik (HMT), kvalitetssikring og granskingsmetodikk. Fagstaben deltek med denne spesialkompetansen direkte i undersøkingane og/eller med delarbeid i undersøkingsrapportane innanfor alle verksemdsområda, tek seg av fagleg oppfølging undervegs i undersøkingsprosessen og kvalitetssikrar undersøkingsrapportar. I tillegg bidreg fagstaben til intern kompetanseutvikling og til koordinering og oppfølging av styringssystemet til SHK. Oppgåva som personvernombod ligg òg i fagstaben.

Administrasjonsavdelinga tek seg av Havarikommisjonen sine forvaltingsmessige og lovfeste plikter på områda økonomi, personale, løn og arkiv. Dessutan har administrasjonen ansvaret for IT-infrastrukturen, drift av nettsider, intranett og elektroniske system, sentralbord og drift av lokale og materiell, og har ein koordinerande og kvalitetssikrande funksjon i samband med utgjevinga av undersøkingsrapportar.

Avdelingsdirektør Ronny Ruud leier arbeidet til administrasjonsavdelinga.

Organisasjonskart

Organisasjonskart 2024
Direktør
Avdelingsdirektør administrasjon