Mandat
Føremål og avgrensing
Statens havarikommisjon skal undersøkje ulykker og alvorlege hendingar innanfor transportsektoren, på områda luftfart, jernbane, vegtrafikk og sjøfart. Vidare skal Statens havarikommisjon undersøkje ulykker og alvorlege hendingar i Forsvaret og på tivoli- og taubaneområdet i tillegg til ulykker og hendingar som har oppstått innanfor romverksemd.
Formålet med undersøkingane er å greia ut forhold som blir anteke å ha noko å seia for førebygging av ulykker i transportsektoren, i Forsvaret, på tivoli- og taubaneområdet og innanfor romverksemd. Havarikommisjonen skal ikkje ta stilling til sivilrettsleg eller strafferettsleg skuld og ansvar.
Havarikommisjonen avgjer sjølv omfanget av undersøkingane sine, og vurderer i samband med dette kva tryggleiksmessig verdi undersøkinga er venta å ha i høve til dei naudsynte ressursane.