Rapport om sjøulukke, fiskebåten Jøsenbuen, forlis i Boknafjorden 13. oktober 2018

Sjøfart rapport 2020/05

13. oktober 2018 forliste sjarken Jøsenbuen ved Arsvågen. Den eine av dei to fiskarane om bord blei funnen livlaus i vatnet same dag, og blei erklært omkommen seinare på kvelden. Den andre fiskaren blei funnen omkommen to dagar seinare etter omfattande søk i området. Sjarken blei funnen på 5 meters djup og blei løfta opp av sjøen dagen etter forliset.

Havarikommisjonen kan ikkje fastslå sikkert korleis hendingsforløpet var og kva faktorar som medverka til dette havariet. Dei tekniske undersøkingane gav ingen indikasjonar på at det fanst svake punkt i skroget sin konstruksjon som kan ha medverka til at ulukka hende. Ut frå skadane i undervasskroget reknar Havarikommisjonen det for mest sannsynleg at den utløysande faktoren for ulukka var at båten kom i kontakt med botnen slik at undervasskroget blei penetrert.

Etter Havarikommisjonen si vurdering viser denne ulukka at sjølv erfarne fiskarar bør vere varsame med å operere i denne typen farvatn i dårleg vêr.

Publisert 24.09.2020

Fakta

Sted Arsvågen i Rogaland
Hendelsesdato 13.10.2018
Ulykkeskategori Øvrig ulykke
Område Norsk territorialfarvann
Fartøyets navn Jøsenbuen
Type hendelse Dødsulykke
Type fartøy 6 - Fiske-/ fangstfartøy
Register Merkeregistrert

Rapporter - samme område

Rapporter - samme ulykkeskategori