Rapport om arbeidsulukke om bord på Asbjørn Selsbane LDGP på Skjoldryggen, vest av Træna 7. februar 2020
Sjøfart rapport 2021/06
Fartøyet var 7. februar 2020 i fiske på Skjoldryggen om lag 150 n mil vest av Træna då ulukka hende i samband med stuing av styrbord tråldør. Ein person døydde som følgje av ein klemskade som oppstod då tråldøra blei senka mot rekkja akterut. Havarikommisjonen meiner at tydelegare risikoforståing kunne ha gjort leiinga og mannskapet betre rusta til å organisere seg sjølve og arbeidet sitt i uvande situasjonar. Det kan bidra til slik forståing om det blir gjort meir detaljerte risikovurderingar som grunnlag for rutinar ved trålfiske. Sikker jobb-analyse kunne òg vore nytta som verktøy ved avvik frå rutinearbeid.
Ulukka hende etter at det hadde oppstått utfordringar med innhal av trålbruket, og arbeidsoperasjonane som gjekk føre seg var difor ikkje av heilt rutinemessig art lenger. Fartøyet hadde etablert ein uskriven regel om at mannskap ikkje skulle opphalde seg i området der ulukka hende før styrbord tråldør var sikra og senka.
Undersøkinga har vist at kommunikasjonsrutinane om bord på fartøyet under arbeid på dekk ikkje bidrog til å hindre ulukka. Havarikommisjonen vurderer det slik at ekstraordinære situasjonar kan føre med seg nye arbeidsoppgåver og avvik frå vanlege arbeidsrutinar. Det vil såleis vere særskilt viktig å evaluere nye risikoar og kommunisere om tryggleik i slike situasjonar.
Undersøkinga av ulukka 7. februar 2020 om bord i Asbjørn Selsbane har ikkje avdekt område der Havarikommisjonen finn det naudsynt å fremje nye tryggleikstilrådingar. Sjøfartsdirektoratet sitt fokusområde for 2021 kan bli eit viktig bidrag til å styrkje den felles forståinga for tryggleiksarbeid i fiskerinæringa. Etter ulukka har reiarlaget laga ein skriftleg prosedyre for trålfiske og revidert kommunikasjonsrutinen sin for å fremje tryggare arbeidsoperasjonar.
Publisert 06.05.2021
Fakta
Sted | Skjoldryggen, Sør-Helgeland, ca.150 n mil fra kystlinja |
Hendelsesdato | 07.02.2020 |
Ulykkeskategori | Personskade |
Område | Norsk økonomisk sone |
IMO-nummer | 9657193 |
Fartøyets navn | Asbjørn Selsbane |
Type hendelse | Person-/arbeidsulykke |
Type fartøy | 6 - Fiske-/ fangstfartøy |