Rapport om brann i vogntog på E16 i Gudvangatunnelen i Aurland 30. mars 2019

Vei rapport 2020/04

Den 30. mars 2019 om lag kl. 0330 byrja det å brenne i eit norsk vogntog i den 11,4 km lange Gudvangatunnelen. Dette var den tredje brannen i eit større køyretøy i denne tunnelen sidan 2013. Ingen blei alvorleg skadde, men fire personer blei behandla for lettare røykskadar. I samband med tidlegare tunnelbrannar har det synt seg at det er krevjande å sikre sjølvredningsprinsippet i lange eittløpstunnelar. SHK vurderer det slik at trafikantane raskt blei klare over situasjonen under denne brannen, og at alle saman raskt sette i verk tiltak for å fjerne seg frå situasjonen på grunnlag av avgrensa informasjon. Denne hendinga viser både kor krevjande det er å rygge eit vogntog i ein tunnel og kor lite som skal til for at trafikantar blir fanga i røyken. Ved store brannar i lange eittløpstunnelar utan naudutgangar finst det ikkje andre fysiske barrierar eller hjelpemiddel enn tunnelventilasjonen som kan skjerme trafikantar frå røyk og giftige branngassar. Undersøkinga har synt at tidsvindauget er lite, og at det er vanskeleg å unngå at trafikantar blir fanga i røyk. SHK meiner at det bør etablerast kompenserande tiltak på dette området, og fremjar difor ei tryggleikstilråding.

Barriereanalyse. Illustrasjon: SHK

Det gjekk føre seg oppgraderingsarbeid i tunnelen då hendinga fann stad, og tryggleiksnivået var relativt likt nivået under brannen i 2013. Det var 33 personar i tunnelen då brannen oppstod; 28 tunnelarbeidarar og 5 trafikantar. Vegtrafikksentralen (VTS) hadde avgrensa kameraovervaking, registrerte ikkje talet på trafikantar i tunnelen, og hadde inga moglegheit til å kommunisere med einskildtrafikantar som ikkje kontakta VTS eller naudetatane på eiga hand.

Brannen oppstod i den første av fire vogntog som køyrde saman i kolonne med leiebil. Føraren av vogntoget prøvde å sløkkje utan å lukkast. Han sette seg då inn i leiebilen og blei med då bilen køyrde framover frå brannen. Samstundes hadde føraren av leiebilen varsla VTS om brannen via SOS-telefonen, og leiebilsjåføren prøvde å få med seg dei tre andre vogntoga i kolonnen forbi brannen. 

Berre det fremste av vogntoga følgde etter. Dei to bakanfor blei ståande att bak det brennande vogntoget. Det blei gjort forsøk på å rygge dei attende, og førarane klarte å skape nok avstand til at brannen ikkje spreidde seg. Då dei blei innhenta av røyken og måtte gje opp å rygge vidare, valde begge førarane å forlate køyretøya og evakuere vekk frå brannen til fots. Det var mørkt, og dei hadde ikkje andre hjelpemiddel enn lyset frå sine eigne mobiltelefonar. 

Dei to førarane blei utsette for røyk i om lag 22 minutt, og det blei funne karbonmonoksid i blodet på begge to etter at dei var komne ut av tunnelen. Resten av personane som var inne i tunnelen, kom seg ut på eiga hand før naudetatane kom fram til tunnelen. 

Trass i at det har blitt gjort grundige undersøkingar, har det ikkje vore mogleg å finne ut nøyaktig kvifor det byrja å brenne i dette vogntoget. 

SHK gjev ein tilrådning på at det settes i verk tiltak som kompenserer for manglande naudutgangar i lange eittløpstunnelar.

Publisert 21.08.2020

Sikkerhetstilråding

Tryggleikstilråding VEG nr. 2020/05T

Ved brannen i Gudvangatunnelen 30. mars 2019 evakuerte to personar tunnelen til fots i ca. 1 km gjennom tett røyk, utan sikt og utan andre hjelpemiddel enn lommelykta på sine eigne mobiltelefonar. Dei var eksponerte for brannrøyk i ca. 22 minutt, og begge hadde karbonmonoksid i blodet som kan knytast til brannen. Erfaring frå denne og tidlegare undersøkingar som SHK har gjort av brannar i lange eittløpstunnelar, viser at tidsmarginane er små, det er vanskeleg å unngå at trafikantar blir fanga i røyk, og at det manglar fysiske barrierar eller utstyr som kan verne trafikantane mot røyk og giftige branngassar.

Statens havarikommisjon tilrår at Statens vegvesen set i verk tiltak som kompenserer for manglande naudutgangar og alternativ friskluft for trafikantar som blir fanga i røyk i lange eittløpstunnelar

Fakta

Sted Gudvangatunnelen, E16 i Vestland
Hendelsesdato 30.03.2019
Ulykkestype Brann i kjøretøy
Veitype Europavei
Fylke Vestland
Politidistrikt Vest
Kjøretøy/trafikant Vogntog semitilhenger
Type transport Godstransport
Veiregion Nasjonal vei SVV
Ulykkeskategori Ulykke i tunnel

Rapporter - samme kjøretøytype