Rapport om påkøyringsulykke mellom lastebil med kran og gangbru på fylkesveg 5210 i Bergen 31. juli 2023
Vei rapport 2024/06
Ulykka på fylkesveg 5210 i Bergen 31. juli 2023 skjedde då ein lastebil med heva kranarm køyrde inn i ei gangbru. Kranarmen var 6,3 m høg og brua låg ca. 4,8 m over vegbanen. Betongelementet fall ned på førarhuset til lastebilen, og føraren omkom. Undersøkinga har avdekka fleire svakheiter når det gjeld lastebilar med kranpåbygg og barrierar for å unngå utilsikta køyring med heva kranarm. Det er òg avdekka svakheiter i forvaltninga av bruer som er sårbare og kan utgjere ein fare ved påkøyring.
Ulykkestaden på fylkesveg 5210 i Bergen 31. juli 2023. Foto: Statens vegvesen
Dette er den eine av to dødsulykker i 2023 der lastebilkraner har køyrt inn i konstruksjonar over vegen. Den andre dødsulykka hende i Stavanger i mars 2023. Her losna ein del frå lastebilkrana etter eit treff med taket på ein kulvert, og trefte ein møtande personbil, der føraren omkom. I tillegg har det vore hendingar med materielle skadar, mellom anna påkøyring av ei gangbru som fall ned på E16 ved Sollihøgda i februar 2023.
På grunn av avgrensingar i tilgjengelege data kan ikkje SHK slå fast korleis og kvifor føraren av lastebilen i Bergen fekk til å ta inn støttebeina og køyre med kranarmen heva. Dette skulle vore umogleg å gjennomføre slik tryggingssystemet til krana skulle vore sett opp. Anten var det som følgje av ein teknisk feil, bruk av naudsystem eller at tryggingssystemet til krana var utanfor standarden.
Standarden for lastebilkraner, NS-EN 12999, har krav om at føraren skal varslast dersom kranarmen ikkje er i sikker transportposisjon før køyring. Lastebilen i Bergen hadde ikkje ei eiga varsling for heva kranarm. Varslinga var indirekte, gjennom varsel som blei gitt dersom støttebeina ikkje var inne, og støttebeina skulle ikkje kunne takast inn utan at kranarmen var lagd saman. Dette er ei godkjend løysing som blei nytta for lastebilar med eldre Effer-kraner.
Undersøkinga har vist at varsling er ein sårbar barriere, og at ulykker og hendingar skjer med både gamle og nye lastebilar, frå ulike kranprodusentar, som køyrer med heva kranarm. Både krana i Bergen og krana i Stavanger har vore igjennom årleg sakkunnig kontroll. Likevel har ikkje varslingssystemet til krana verka som det skulle.
Uavhengig av kva som forårsakar avvik i varslingskrinsen, kan sannsynet for ei ulykke reduserast gjennom å innføre fleire og sterkare barrierar. Dette kan gjerast gjennom å innføre fartsavgrensing som fysisk barriere mot køyring med heva kranarm, slik bransjen òg føreslår, meir einskapleg og utvida årleg sakkunnig kontroll, og stikkprøvekontrollar av lyd- og lysvarsling for lastebilar med kran. SHK fremjar fem tryggingstilrådingar knytte til dette.
SHK viser òg til brev frå Vegdirektoratet til vegeigarar om å kartleggje bruer som er sårbare for påkøyring. Dette må òg følgjast opp med tiltak som reduserer sannsynet for påkøyring eller konsekvensen av ei påkøyring. Vestland fylkeskommune og Bergen kommune har sett i gang arbeid på dette området, og SHK forventar at andre vegeigarar òg følgjer opp dette.
Publisert 19.12.2024
Sikkerhetstilråding
Tryggingstilråding veg nr. 2024/15T
Ulykka på fylkesveg 5210 i Bergen 31. juli 2023 skjedde då ein lastebil med heva kranarm køyrde inn i ei gangbru. Brua fall ned på førarhuset til lastebilen, og føraren omkom. Dette er den eine av to dødsulykker i 2023 der lastebilar med kran har køyrt inn i konstruksjonar over vegen. I tillegg har det vore hendingar med materielle skadar.
Standarden for lastebilkraner, NS-EN 12999, har krav om varsling av føraren dersom krana ikkje er i sikker posisjon før køyring. Undersøkinga har likevel vist at hendingane skjer med både gamle og nye lastebilar, og at varsling er ein sårbar barriere. Varslingssystemet kan manipulerast slik at ein kan bruke krana effektivt som arbeidsutstyr, eller tekniske feil kan oppstå. SHK meiner at ei form for fartssperre som tilleggsbarriere kan bidra til å forbetre tryggleiken.
Statens havarikommisjon tilrår kranimportøren Hiab Norway AS å initiere eit arbeid gjennom kranprodusentane sine for å forbetre NS-EN 12999 Loader Cranes ved å leggje til krav om fartsavgrensing som fysisk barriere mot køyring med heva kranarm.
Tryggingstilråding veg nr. 2024/16T
Ulykka på fylkesveg 5210 i Bergen 31. juli 2023 skjedde då ein lastebil med heva kranarm køyrde inn i ei gangbru. Brua fall ned på førarhuset til lastebilen, og føraren omkom. Dette er den eine av to dødsulykker i 2023 der lastebilar med kran har køyrt inn i konstruksjonar over vegen. I tillegg har det vore hendingar med materielle skadar.
Standarden for lastebilkraner, NS-EN 12999, har krav om varsling av føraren dersom krana ikkje er i sikker posisjon før køyring. Undersøkinga har likevel vist at hendingane skjer med både gamle og nye lastebilar, og at varsling er ein sårbar barriere. Varslingssystemet kan manipulerast slik at ein kan bruke krana effektivt som arbeidsutstyr, eller tekniske feil kan oppstå. SHK meiner at ei form for fartssperre som tilleggsbarriere kan bidra til å forbetre tryggleiken.
Statens havarikommisjon tilrår Arbeidstilsynet som marknadskontrollstyresmakt for maskinar å vurdere og melde behov for forbetring av NS-EN 12999 Loader Cranes.
Tryggingstilråding veg nr. 2024/17T
Ulykka på fylkesveg 5210 i Bergen 31. juli 2023 skjedde då ein lastebil med heva kranarm køyrde inn i ei gangbru. Brua fall ned på førarhuset til lastebilen, og føraren omkom. Dette er den eine av to dødsulykker i 2023 der lastebilar med kran har køyrt inn i konstruksjonar over vegen. I tillegg har det vore hendingar med materielle skadar.
Standarden for lastebilkraner, NS-EN 12999, har krav om varsling av føraren dersom krana ikkje er i sikker posisjon før køyring. Undersøkinga har likevel vist at hendingane skjer med både gamle og nye lastebilar, og at varsling er ein sårbar barriere. SHK ser behov for at eigarar av lastebilar med kran blir orienterte om moglegheiter for å innføre fartssperre som tilleggsbarriere i dei noverande køyretøya sine, då det går tid før nye kraner kan bli leverte med krav til slik tryggleik.
Statens havarikommisjon tilrår Norges Lastebileier-Forbund (NLF) å rettleie lastebileigarar om moglegheiter for å omprogrammere kranbilane sine for å få til ei fartsavgrensing som fysisk barriere mot køyring med heva kranarm.
Tryggingstilråding veg nr. 2024/18T
Ulykka på fylkesveg 5210 i Bergen 31. juli 2023 skjedde då ein lastebil med heva kranarm køyrde inn i ei gangbru. Brua fall ned på førarhuset til lastebilen, og føraren omkom. Dette er den eine av to dødsulykker i 2023 der lastebilar med kran har køyrt inn i konstruksjonar over vegen. I tillegg har det vore hendingar med materielle skadar.
Standarden for lastebilkraner, NS-EN 12999, har krav om varsling av føraren dersom krana ikkje er i sikker posisjon før køyring. Undersøkinga har likevel vist at hendingane skjer med både gamle og nye lastebilar, og at varsling er ein sårbar barriere. Ved årleg sakkunnig kontroll av krana blir varslinga sjekka, men dei ulike sakkunnige verksemdene har kontrollskjema som varierer når det gjeld både omfang og gjennomføring av varslingskontroll.
Statens havarikommisjon tilrår Arbeidstilsynet å følgje opp sertifiseringsordninga for sakkunnig kontroll for å sikre ein meir einskapleg og utvida kontroll av varslingssystem på lastebilkraner.
Tryggingstilråding veg nr. 2024/19T
Ulykka på fylkesveg 5210 i Bergen 31. juli 2023 skjedde då ein lastebil med heva kranarm køyrde inn i ei gangbru. Brua fall ned på førarhuset til lastebilen, og føraren omkom. Dette er den eine av to dødsulykker i 2023 der lastebilar med kran har køyrt inn i konstruksjonar over vegen. I tillegg har det vore hendingar med materielle skadar.
Standarden for lastebilkraner, NS-EN 12999, har krav om varsling av føraren dersom krana ikkje er i sikker posisjon før køyring. Undersøkinga har likevel vist at hendingane skjer med både gamle og nye lastebilar, og at varsling er ein sårbar barriere. Ved årleg sakkunnig kontroll av krana blir varsling sjekka, men løpande manglar blir ikkje fanga opp. Utekontrollverksemda til Statens vegvesen kan i dag kontrollere om den årlege sakkunnige kontrollen er gjennomført. SHK meiner at dei òg bør ha moglegheit til å sjekke lyd- og lysvarsling for heva kranarm ved stikkprøvekontrollar, med bistand frå førar som har naudsynt kompetansebevis (G8). For at eventuelle avvik skal følgjast opp, må det vere ei ordning som kommuniserer avvik til Arbeidstilsynet.
Statens havarikommisjon tilrår utekontrollverksemda til Statens vegvesen å gjennomføre stikkprøvekontrollar av lyd- og lysvarsling for heva kranarm på lastebilar med kran, og dessutan informere Arbeidstilsynet om manglar som må følgjast opp med tilsyn.
Fakta
Sted | Fv. 5210, Olsvik, Bergen kommune |
Hendelsesdato | 31.07.2023 |
Ulykkestype | Påkjøringsulykke |
Veitype | Fylkesvei |
Fylke | Vestland |
Kjøretøy/trafikant | Lastebil, Motorredskap kran |
Type transport | Godstransport |
Ulykkeskategori | Ulykke m/ kjøretøy over 7500 kg |