Tryggingsnotat om samanstøyt mellom traktor og persontog på Disen nordre planovergang 12. mai 2024
Bane rapport 2024/SN1
Den 12. mai 2024 kolliderte eit persontog frå Vygruppen AS med ein traktor på ein usikra planovergang på Kongsvingerbanen. Føraren av traktoren omkom som følgje av samanstøyten. SHK har utarbeidd dette tryggingsnotatet for å forbetre jernbanetryggleiken. Dette er ei samanfatting der SHK er ute etter å fremje tryggingsmessig læring med utgangspunkt i ulykka utan at kommisjonen har sett i verk ei full tryggleiksundersøking.
Det har ikkje vore mogleg å slå fast kvar traktorføraren hadde merksemda retta, og kva vurderingar som blei gjord før samanstøyten.
Vurderinga til Havarikommisjonen er at det er god sikt på staden, og at siktkrava er i samsvar med regelverket til Bane NOR SF. I ein samanstøyt mellom eit tog og eit køyretøy er faren for menneska i køyretøyet openberr, men også togpersonellet blir utsett for fare. I denne ulykka kom lokføraren uskadd ifrå det, trass i skadar på fronten til togsettet. Ein samanstøyt med ein tyngre traktor eller ein lastebil kan utgjere endå større fare, også for lokføraren, anna togpersonale og reisande.
Kvart år får Havarikommisjonen inn mellom 40 og 50 varsel om både samanstøytar og tilløp til samanstøytar mellom tog og vegtrafikantar på planovergangar. Dette fortel om eit gjentakande tryggingsproblem for brukarar av planovergangane og for jernbanen som system.
I samband med denne ulykka vil Havarikommisjonen leggje vekt på desse punkta:
- Det finst rundt 1270 usikra planovergangar i Noreg. Når ein skal krysse ein overgang, anten ein køyrer eller går, er det avgjerande at ein er merksam og skaffar seg tilstrekkeleg sikt i begge retningar for å unngå samanstøyt med eit tog.
- Tog har lang stopplengd og sjeldan høve til å stanse om ein person eller eit køyretøy kjem ut på ein planovergang når eit tog skal passere.
- Det er stor risiko for at ein samanstøyt med eit tog på ein planovergang får dødeleg utfall for den vegfarande.
Stopp. Sjå. Lytt etter tog.
Disen nordre planovergang sett mot Norddisivegen. Foto: SHK
Publisert 02.12.2024
Fakta
Sted | Disen nordre planovergang |
Hendelsesdato | 12.05.2024 |
Tog No. | 1028 |
Driftsform | Strekning med fjernstyring |
Stillverksanleggstype | Stillverk |
Km på banestrekning | 74,917 |
Type transport | Persontog |
Type hendelse | Planovergangsulykke, Sammenstøt |
Materiell kategori | Motorvognsett |
Operatør | Vygruppen AS |
Banestrekning | Kongsvingerbanen |