Rapport om vegtrafikkulukke med personbil og traktor med tilhengar på fv. 835 i Steigentunnelen i Hamarøy kommune 15. mai 2022
Vei rapport 2023/04
Fire personar omkom, og ein person blei alvorleg skadd i Steigentunnelen 15. mai 2022, då ein personbil køyrde inn i ein traktor med tilhengar i same køyreretning. Undersøkinga har vist at det var fleire vesentlege manglar når det gjaldt tryggleik. Traktoren var saktegåande og tilhengaren mangla baklys, tunnelen var mørk med svakt lys, og personbilen køyrde sannsynlegvis gjennom tunnelen utan å bruke fjernlys. Skadeomfanget blei omfattande fordi fleire personar ikkje brukte bilbelte.
Ulukkesstaden og sluttposisjonane til køyretøya. Foto: Politiet
Om ettermiddagen søndag 15. mai 2022 køyrde ein traktor med tilhengar lasta med singel gjennom Steigentunnelen i retning austover. To til tre km inne i den åtte km lange tunnelen punkterte det eine dekket på tilhengaren. Traktorføraren stroppa opp det punkterte hjulet og køyrde deretter vidare i låg fart for å kome ut av tunnelen.
I det same tidsrommet køyrde ein tsjekkisk registrert personbil (Multivan) med førar og fire passasjerar gjennom Steigentunnelen i retning austover. Etter ca. fem km køyring austover i tunnelen, kolliderte personbilen med høgre front inn i venstre sida bak på tilhengaren på traktoren.
Dei fire passasjerane i personbilen omkom på staden og føraren av personbilen blei alvorleg skadd i kollisjonen. Skadeomfanget blei omfattande fordi fleire personar ikkje brukte bilbelte, og fordi ein person sat utan sikring på ei oppbygd hylle bak i bilen. Laus last i personbilen medverka også til skadeomfanget.
Mangel på sikre opplysningar gjer at det er vanskeleg å trekkje ein klar konklusjon om kva for faktorar som medverka til at kollisjonen inntrefte. Undersøkinga har vist at det var fleire vesentlege manglar når det gjaldt tryggleik. Traktoren var saktegåande og tilhengaren mangla baklys, tunnelen var mørk med svakt lys, og personbilen køyrde sannsynlegvis gjennom tunnelen utan å bruke fjernlys. Desse manglane kan samla sett ha medverka til at ulukka oppstod.
Undersøkinga har vist at lysanlegget i Steigentunnelen ikkje var i samsvar med tunneltryggleiksforskrifta for fylkesveg . Nordland fylkeskommune hadde planlagt å oppgradere tunnelen innan 2025. Det var ikkje sett i verk kompenserande fysiske eller trafikale tiltak i påvente av oppgradering, og tunnelen var open for alle trafikantgrupper.
SHK fremjar ei tryggleikstilråding til Nordland fylkeskommune og ei tryggleikstilråding til Statens vegvesen som følgje av undersøkinga.
I tillegg ønskjer SHK å peike på følgjande læringspunkt til trafikantar:
- Bruk alltid godkjende sitjeplassar og bilbelte i køyretøyet. Sjekk at bilbelta er rett stramma.
- Sikre alltid laus last i bilen, fordi kreftene som følgjer av last i rørsle, kan føre til store skadar i ein kollisjon.
- Utfør alltid ein tryggleikssjekk, også av lys- og dekkutrusting, før køyring av tilhengar.
- Syn varsemd ved køyring i mørke og svakt lyssette tunnelar, der det kan vere saktegåande køyretøy, mjuke trafikantar eller dyr.
- Bruk fjernlysa på bilen så mykje som mogleg ved køyring i mørke og svakt lyssette tunnelar, dersom dette ikkje utgjer ein blendingsfare for annan trafikk.
Publisert 16.11.2023
Sikkerhetstilråding
Tryggleikstilråding veg nr. 2023/11T
Fire personar omkom, og ein person blei alvorleg skadd i Steigentunnelen 15. mai 2022, då ein personbil køyrde inn i ein traktor med tilhengar i same køyreretning. Traktoren var saktegåande og tilhengaren mangla baklys. Den 8 km lange tunnelen hadde mørke veggar, og lysanlegget var ikkje i samsvar med tunneltryggleiksforskrifta for fylkesveg. Personbilen køyrde mest sannsynleg gjennom tunnelen utan å bruke fjernlys. Nordland fylkeskommune hadde planlagt å oppgradere tunnelen innan 2025. Det var ikkje sett i verk fysiske eller trafikale tiltak i påvente av oppgradering, og tunnelen var open for alle trafikantgrupper.
Statens havarikommisjon tilrår at Nordland fylkeskommune set i verk kompenserande tiltak i Steigentunnelen som kan ivareta trafikktryggleiken fram til lysanlegget blir oppgradert.
Tryggleikstilråding veg nr. 2023/12T
Fire personar omkom, og ein person blei alvorleg skadd i Steigentunnelen 15. mai 2022, då ein personbil køyrde inn i ein traktor med tilhengar i same køyreretning. Traktoren var saktegåande og tilhengaren mangla baklys. Den 8 km lange tunnelen hadde mørke veggar, og lysanlegget var ikkje i samsvar med tunneltryggleiksforskrifta for fylkesveg. Personbilen køyrde mest sannsynleg gjennom tunnelen utan å bruke fjernlys. Nordland fylkeskommune hadde planlagt å oppgradere tunnelen innan 2025. Det var ikkje sett i verk fysiske eller trafikale tiltak i påvente av oppgradering, og tunnelen var open for alle trafikantgrupper.
Statens havarikommisjon tilrår at Statens vegvesen som vegmyndigheit, formidlar til eigarane av lange vegtunnelar ei tilråding om å gjennomgå lys- og trafikkforhold, samt sette i verk trafikale og/eller fysiske tiltak som kan ivareta trafikktryggleiken fram til lysanlegget eventuelt blir oppgradert.
Fakta
Sted | Steigentunnelen, Fv 835, Nordland |
Hendelsesdato | 15.05.2022 |
Ulykkestype | Påkjøringsulykke |
Veitype | Fylkesvei |
Fylke | Nordland |
Kjøretøy/trafikant | Personbil, Traktor |
Type transport | Godstransport, Privat transport |
Ulykkeskategori | Ulykke m/ kjøretøy over 7500 kg |