Rapport om avsporing mellom Løten og Hamar 23. juni 2020

Bane rapport 2021/06

Tysdag 23. juni 2020 spora eit lokomotiv av typen V4 av med éin aksel ved Hjellum mellom Hamar og Løten på Rørosbanen. Dette var den andre avsporinga med denne lokomotivtypen på under to år medan lokomotivet har vore brukt til togframføring. Avsporinga oppstod på grunn av ein sporfeil beståande av høgdefeil og vindskeivheit, i kombinasjon med lokomotivet sine gangeigenskapar i maksfart. Dette førte til at ein aksling blei løfta av skjenegongen.

Bane NOR SF hadde identifisert høgdefeilen i sporet før avsporinga, men feilen var ikkje så stor at det var naudsynt å setje inn umiddelbare tiltak. Det er såleis ein type sporfeil som finst i jernbanenettet, og som ein ventar at alle typar materiell skal vere i stand til å handtere. Når same sporfeilen viser seg på same staden år etter år, er dette eit teikn på at måten den blir reparert på, ikkje gjev noka varig løysing på problemet. 

I undersøkinga etter avsporinga ved Bryn i 2019 peikte ein på den stive og nikkande gangen til denne materielltypen som svært uheldig. Denne undersøkinga dreg òg fram dette som ein faktor, og ved framføring i maksimal fart vil dette bli verre når ein treff på høgdefeil og eit vindskeivt punkt i sporet. 

Havarikommisjonen fremmer ei tryggleikstilråding der Grenland Rail AS blir beden om å gjere ei risikovurdering av gangeigenskapane til materiellet i ulik fart. Føremålet med dette vil vere å klarleggje og finne ut om materiellet har framføringsmessige eigenskapar som ein bør ta omsyn til for å unngå fleire avsporingar.


Foto: SHK

Publisert 15.06.2021

Sikkerhetstilråding

Tryggleikstilråding Bane nr. 2021/15T

Tysdag 23. juni 2020 spora eit lauslok av typen V4 av mellom Løten og Hamar. Ulukka hende då lokomotivet passerte eit vindskeivt punkt med høgdefeil. Dette er den andre avsporinga på to år som involverer denne lokomotivtypen og liknande sporfeil. Køyretøyet sin konstruksjon gjev gangeigenskapar som er sårbare for denne typen feil.

Statens havarikommisjon tilrår Statens jernbanetilsyn å be Grenland Rail AS om å risikovurdere bruken av V4-lokomotiv med omsyn til toleranse for høgdefeil og vindskeivt spor.

Fakta

Sted Mellom Løten og Hamar
Hendelsesdato 23.06.2020
Tog No. 59050
Driftsform Strekning med fjernstyring
ATC DATC
Km på banestrekning 132,6
Type transport Tomtog
Type hendelse Avsporing
Materiell kategori Lokomotiv
Operatør Grenland rail
Banestrekning Rørosbanen

Rapporter - samme banestrekning

Rapporter - samme hendelseskategori