Rapport om alvorleg luftfartshending på Skjetten i Akershus 20. januar 2024 med Aquila AT01, LN-NRC

Luftfart rapport 2025/03

Motoren på LN-NRC stoppa under avgang og flygaren måtte føreta ei naudlanding på eit jorde. Undersøkinga har avdekt at motorstansen kom av rådelagerhavari i rådelager 2 og 3. Rådelagera hadde ikkje fått tilstrekkeleg smørjing.

Alle motorinstrumenta viste normale verdiar før avgang frå Kjeller flyplass på rullebane 30. Då flyet kryssa Nitelva merka flygaren ein reduksjon i power. Like etterpå sa det «klunk» og propellen stoppa. Flygaren svinga til venstre og landa på eit snødekt jorde. Flygaren ble lettare skada.

Ein gjennomgang av oljesystemet avdekte ingen teikn til oljelekkasje, og all oljen blei funne i oljetanken. Det blei ikkje funne nokon feil med oljepumpa.  

Målestasjonen ved Kjeller registrerte mellom -28 og -29 grader celsius i tidsrommet då flyginga starta. Undersøkinga har avdekt at fly- og motordokumentasjon ikkje gav eit eintydig bilete av temperaturavgrensingar til sluttbrukar.

Havarikommisjonen meiner det er sannsynleg at en kombinasjon av kulde og val av motorolje førte til at oljesystemet før oljepumpa ikkje klarte å levere nok gjennomstrøyming, slik at kavitasjon oppstod i oljepumpa. Dette reduserte oljepumpas effekt, noko som førte til tap av smørjing og lagerhavari. Havarikommisjonen meiner utforminga av forvarmesystemet var med på å skjule problemstillinga for flygaren, då det kan ha oppstått ein situasjon der motoren fekk nok olje ved bakkekøyring, men ikkje ved høgt kraftuttak ved avgang.

Publisert 19.02.2025

Fakta

Sted Skjetten, Akershus
Hendelsesdato 20.01.2024
Luftfartøy Øvrige lette motorfly
Operatør Nedre Romerike Flyklubb
Reg. merke LN-NRC
Flygeforhold VMC
Fylke Akershus
Type hendelse Alvorlig luftfartshendelse
Type flyging Privat (klubb)
Kategori luftfart Lett, fly (< 5 700kg)
Flykategori Landfly, Single-engine
FIR/AOR ENOS (Oslo ATCC)

Rapporter - samme type luftfartøy

Rapporter - samme kategori luftfart