Rapport om personulukke om bord på M/S Elise LH4294 i Breisundet vest av Ålesund 16. februar 2021

Sjøfart rapport 2022/01

Statens havarikommisjon blei varsla om at ein teinefiskar var sakna og seinare funnen omkomen vest av Ålesund. Fiskaren hamna sannsynlegvis i vatnet då han skulle byrje å dra teiner. Han hadde lita eller inga moglegheit til å berge seg om bord i fiskefartøyet att, sidan det ikkje fanst nokon leider frå fartøyet han kunne ha nytta. Havarikommisjonen meiner at korkje Sjøfartsdirektoratet eller Fiskeridirektoratet fører nokon effektiv kontroll for å hindre båtar som ikkje oppfyller konstruksjonskrava til fiskefartøy frå 6 til 8 meter å kome inn i merkeregisteret.

Verftet som utferda byggjestadfestinga, hadde ikkje kontrollert fartøyet og den tilhøyrande dokumentasjonen godt nok. Det blir ikkje stilt formelle krav til den som utferdar byggjestadfestingar. Byggjestadfestinga bør vurderast av ei kompetent styresmakt før det blir gjeve ervervsløyve.

Undersøkinga av denne sjøulukka har ikkje avdekt nye område der Havarikommisjonen finn det naudsynt å fremje tryggleikstilrådingar for å betre tryggleiken på sjøen.

Havarikommisjonen viser til tryggleikstilrådingar nr. 2021/43T og 2021/44T til Sjøfartsdirektoratet etter undersøkinga av fiskefartøyet Arv 2, Sjøfart rapport 2021/07.

Publisert 01.02.2022

Fakta

Sted Vest av Ålesund
Hendelsesdato 16.02.2021
Ulykkeskategori Personskade
Område Norsk territorialfarvann
Fartøyets navn Elise
Type hendelse Dødsulykke, Fall over bord
Type fartøy 6 - Fiske-/ fangstfartøy
Register Merkeregistrert

Rapporter - samme område

Rapporter - samme ulykkeskategori