Rapport om møteulukke med to vogntog på riksveg 4 like nord for Hagantunnelen ved Slattum i Nittedal kommune 27. mai 2021
Vei rapport 2022/04
Torsdag 27. mai 2021 frontkolliderte to vogntog på riksveg 4 like nord for Hagantunnelen i Nittedal kommune. Ulukka skjedde tidleg om morgonen, på ei tid med lite trafikk. Begge køyretøya fekk omfattande skadar i frontane og på venstre side av førarhyttene, og lasta til det nordgåande vogntoget lausna frå semitilhengaren og la seg utover i vegbanen. Føraren av det sørgåande vogntoget omkom, medan føraren av det nordgåande vogntoget blei alvorleg skada. Undersøkinga har vist at nordgåande vogntog kom over i motsett køyrefelt mest sannsynleg fordi føraren sovna, sjølv om krava til arbeids-, køyre- og kviletid var følgde. SHK vil med denne rapporten oppfordra både styresmakter, transportselskap og lastebilførarar om å gjera seg bevisste på tryggleiksproblemet omkring trøyttleik under køyring, samt aktivt velja køyretøy som er utstyrte med system for trøyttleiks- og merksemdsåtvaring.
Foto: SHK
Vogntog A køyrde nordover i Hagantunnelen og begynte å svinga mot venstre om lag 200 meter før den nordre tunnelmunninga, der siste innvendige tunnelkameraet i tunnelen var plassert. Då vogntoget køyrde ut av den nordre tunnelmunninga, var det heilt over i det motgåande køyrefeltet.
Vogntog A fortsette å ha ei svingerørsle mot venstre fram til om lag to sekund før kollisjonen, og kan ha følgt ei jamn kurve frå det siste tunnelkameraet og fram til kollisjonspunktet. Fartsutviklinga vogntog A hadde gjennom Hagantunnelen og fram til kollisjonspunktet fell saman med vegen sitt lengdefall, vekta til vogntoget og ein jamn, men passiv bremsebruk.
Undersøkinga har vist at det tidlegast kan ha vore mogleg for førarane å oppdaga lyset frå kvarandre sine frontlykter om lag fem sekund før kollisjonen, og at dei då var på møtande kurs. Føraren av vogntog B gjorde det han kunne for å forhindra kollisjonen og det som kan forventast av ein vogntogførar i ein slik situasjon.
Undersøkinga har vist at vogntog A kom over i motsett køyrefelt mest sannsynleg fordi føraren sovna, samtidig som han heldt bremsepedalen og styrehjulet i meir eller mindre faste posisjonar fram til kollisjonen. Trøyttleik kan ha medverka til at føraren ikkje kvikna til då han kryssa midtlinja og køyrde over rumlefeltet i tida før ulukka.
Trekkbilen til vogntog A var ein slovenskregistrert Volvo (2015-modell), og var sparsam utrusta med tryggleiksutstyr og utan tekniske førarstøttesystem. System for trøyttleiks- og merksemdsåtvaring (Driver Drowsiness and Attention Warning, DDAW) blir obligatorisk for alle nye køyretøy i EØS sine medlemsstatar frå 7. juli 2024.
Denne undersøkinga og tidlegare undersøkingar har vist at det er mogleg å sovna sjølv om krava til arbeids-, køyre- og kviletid blir følgde, og at trøyttleik under køyring utgjer eit tryggleiksproblem. SHK vil med denne rapporten oppfordra både styresmakter, transportselskap og lastebilførarar om å gjera seg bevisste på dette tryggleiksproblemet. Transportselskap og aktørar som tingar godstransport på veg bør mellom anna aktivt velja køyretøy som er utstyrte med system for trøyttleiks- og merksemdsåtvaring.
Havarikommisjonen fremmar ei tryggleikstilråding til Treparts bransjeprogram for transport som følge av undersøkinga.
Publisert 24.05.2022
Sikkerhetstilråding
Tryggleikstilråding Veg nr. 2022/12T
Undersøkinga av møteulukka mellom to vogntog nord for Hagantunnelen på riksveg 4 i Nittedal 27. mai 2021 viser at søvn og trøyttleik ha vore medverkande til at det eine vogntoget kryssa vegbanen. Vogntoget hadde ingen tekniske førarstøttesystem som kunne ha varsla føraren om byte av køyrefelt eller om trøyttleik eller umerksemd. System for trøyttleiks- og merksemdsåtvaring (Driver Drowsiness and Attention Warning, DDAW) blir obligatorisk for alle nye køyretøy i EØS sine medlemsstatar frå 7. juli 2024. SHK meiner at det bør initierast arbeid for auka bruk av førarstøttesystem, og ser at Treparts bransjeprogram for transport har digitale verktøy som kan hjelpa transporttingarar til å spesifisera også tekniske førarstøttesystem i sine kontraktar.
Statens havarikommisjon tilrår Treparts bransjeprogram for transport om å inkludera punkt om tekniske førarstøttesystem i «e-guide for godstransport på vei».
Fakta
Sted | Rv. 4, Hagantunnelen, Nittedal, Viken |
Hendelsesdato | 27.05.2021 |
Ulykkestype | Møteulykke |
Veitype | Riksvei |
Fylke | Viken |
Politidistrikt | Øst |
Kjøretøy/trafikant | Vogntog semitilhenger, Vogntog slepvogn |
Type transport | Godstransport |
Veiregion | Viken |
Ulykkeskategori | Ulykke m/ kjøretøy over 7500 kg |